Arkivplan - Ulstein kommune

Oversikt - Ulsteinvik

 

Føremål for arkivplan i Ulstein kommune

Denne arkivplanen viser korleis arkivet i Ulstein kommune er organisert og kva arkivmateriale det omfattar. Arkivplanen vil også vise til kva slags instruksar, reglar og planar som gjeld for arkivarbeidet i kommunen. Dette er eit krav i Forskrift om offentlege arkiv § 4.

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta. I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. Forskrift om offentlege arkiv § 1). Rådmann og arkivleiar i Ulstein kommune oppmodar alle medarbeidarar om å setje seg godt inn i arkivplanen og fylgje dei retningslinjer som den gir.