Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

Arkivplanen skal gi ei oversikt over korleis arkivet i Ulstein kommune er organisert.

Arkivet til Ulstein kommune er organisert med eit sentralarkiv som har hovudansvaret for å føre journalpliktig dokumentasjon i sak- arkivsystemet. Nokre av dei ulike fagområda fører journalpliktig dokumentasjon i eigne fagsystem, det vil då vere eigne arkivansvarlege knytt til kvart fagområde. Arkivleiar har det overordna ansvaret for alle arkiva i kommunen.

Ansvaret for arkivet til føretak ligg ikkje hjå rådmann og arkivleiar, men hjå leiar for det enkelte føretak. I Ulstein kommune fører arkivet posten til Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF), og UEKF har felles postadresse med Ulstein kommune.

Ulstein kommune har eit sentralt postmottak for heile organisasjonen.

Ulstein kommune har eit felles elektronisk sak- arkivsystem for kommuneadministrasjonen. All journalføring og administrativ sakshandsaming skal skje i sak- arkivsystemet. Unntak er person-sensitive saker, som etter Datatilsynets retningsliner skal førast i lukka fagsystem. Sjå oversikt kapittel Oversyn - Elektroniske system.

Sak- arkivsystemet inneheld to arkiv og to journalførande einingar: Ulstein kommune og Ulstein Eigedomsselskap KF (UEKF).

Laster...